Side Brok

Side-Brok.png

Booking: lasse@act.as

Etter to års pustepause, kom hip-hop-heltane frå Hovdebygda tilbake i fjor, og spelte fire veldig utselde konsertar og éin festival. Dei fortset festen i 2019 med nokre få og ekstra godekonsertar. Og Sirkel Sag er sjølvsagt med. Det blir fest, dritprat og mykje kjærleik –og absolutt alle er inviterte.

Side Brok er landets (bokstavleg talt) største hip-hopgruppe, og har i 15 år sørga for god musikk og god stil. Sidan den Spellemann-nominerte debutplata “Høge brelle” (2004), har dei gitt ut tre album, ein drøss med låtar, og ni mixtapes i Pina D-serien